Men livet surrar og går her på ekvator (akkurat ekvator!). Kvardagen består av babyar, smil, latter, venlege taxisjåførar me har fått god tone med, tusling i gater, nikk, smil og "I'm fine, how are you?". Eg likar kvardagen i Kampala. Eg likar Uganda. Eg likar babyane. Eg likar nanny'ane. Eg likar teamet mitt. Eg likar livet. Eg likar ikkje at Treena reiser heim til Australia i natt. Eg likar at me om ein liten time skal ut for å ha avskilsmiddag for Treena, saman med Mitch, Amie og Christina. Eg likar at me har hatt storhandling i dag, og fiksa middagar for mange dagar, m.a. laks, lasagne, kjøttkaker(dvs. kjøttdeig som me sjølve lagar om til kaker), salat, poteter, kylling og mykje anna godt.
Forresten; sjekk ut biletet av dei afrikanske utstillingsdukkene(føtene) . Ugandiske damer har fascinerande store rumper, og utstillingsdukkene er laga deretter...
I går var me i Suubi, ein anna av Watoto sine landsbyar, for å måla og fiksa litt. Kjekt med litt variasjon, og den norske patruljen på målarjobben er godt nøgde med innsatsen og resultatet!
Har eg nemnt at eg laga chapati's nede i vegen her om dagen? Amy og eg skulle ned for å kjøpa på vår lokale utebod, og trur du ikkje eg fekk laga då?! Til stor glede for dei lokale som fekk tidenes underhaldning, chapati'karen Robert som fekk enno fleire kundar, og eg som fekk ei super oppleving. Kjekt!
Me har eit luksushotell eit lite stykke unna oss. Det sjekka me ut her om dagen. Treena, Kristine og eg (som hadde vore på jobb) fekk privat omvisning av ein av dei tilsette - i golfbil! Lake Victoria er nydeleg i solnedgang!
Nei, no er dusjen ledig. Me snakkast!Sidan det er fyrste sundag i advent i dag slenger eg med songen me alltid syng heima på Leikvoll denne morgonen:
Nå tenner vi det første lys. Åleine må det stå.
Vi venter på det vesle barn, i krybba lagt på strå.
God fyrste sundag i advent:)
Ps. me har fått Canada-jentene med oss på adventskalendar - stemning!

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar