På barneheimen eg jobber har eg funne meg særs godt til rette blant aldersgruppa 3-7 mnd - Giraffane heiter avdelinga. Desse babyane er vanvittig søte! Og særleg har éi jente funne seg godt til rette i hjarta mitt! Har ikkje lov til å nemna namn, men de skal få møta ho på biletet! :) Kan nemna at ho smilar mykje, berre ikkje til kamera, har verdas herlegaste bollekinn, nydelege auge, ein fantastisk omsorgsfull personlegdom og herleg vesen!
Til besten som trur eg kjem til å få problem med å reisa frå alle desse ungane: Du har heilt rett!

1 kommentarer:
Å, Tone Marit - det høyres ut som om du har det heilt fantastisk der nede! :D Tenkjer på kor utruleg mykje spennande du må oppleve der desse månadane :) Ønskjer deg alt godt for tida som kjem! :) OG... eg saknar deg <3
(Ps: I dag jogga eg 8,5 km ;D (Med nokre korte gåpausar...) Hehe, du min gamle motivator og gode støtte :D)
Legg inn en kommentar