søndag 12. desember 2010

Fotfobi

Eg jobbar med fobiane mine. I alle fall ein av dei: fotfobien.

I Uganda er det veldig vanleg å gå barbeint. Faktisk så er sokkar rart. Sidan eg har lyst til å leva meg inn i kulturen, så godt som det let seg gjera, går eg òg barbeint.

Noko anna som er vanleg her nede er neglelakk. På føtene. Noko er heller aldri har hatt sansen for. Langs gatene er det mange bodar. Inkludert pedikyr- og manikyr bodar. I går tok eg mot til meg og sette meg ned på krakken til ein av desse bodane. Midt i Kampala. Midt i offentlegheita. Nemnte eg forresten at dei fleste som driv med dette yrket er menn? Fyren fiksa, pussa og lakka. At nokon andre skal ta på føtene mine er ikkje heilt enkelt å godta, men det kjem seg.


Resultatet vart ikkje så gale, og eg kunne stolt gå på jobb med nylakka tånegler, og litt mindre fotfobi!


Det skulle sikkert vore eit bilete av dei nylakka føtene mine her, men så langt i prosessen er eg ikkje komen enno...

3 kommentarer:

Gunhild sa...

Hehe, du e så god, Tone<3 Lykke t videre;D

Kjell-Tore sa...

Hei Tone Marit !
Eg trur du er bitt av 'Afrika-basillen'. Eg er sjølv nett heimkomen etter ein tur til Kenya saman med Torunn, Tor-Eivind, Gabriel og Irene. Vi ynskjer deg alt godt og lukke til i Uganda !

Mvh
Kjell-Tore

Isabell sa...

Haha, eg e stolt av deg Tonis! :D