Godt nyttår, alle saman!
I forrigårs var det jammen nyttårsaftan! Me er herved to dagar inne i år 2011. Eg likar det.
Sjølve nyttårsafta vart innleia med ein roleg dag i Buziga, musikk og dagbokskriving på mitt nyoppdaga soltak, og ein liten siesta før huset vart fylt opp med gjestar.
Me fire norske var så heldige å få gå inn i det nye året saman med Christina og Amie frå Canada, Anita, Jen og Lucy frå Australia, Andy frå New Zealand og Kevin og Amanda frå USA. Ein fantastisk gjeng me er blitt kjend med her nede!
Etter middag, quiz og eit par rundar med "Psykologen" tok me på oss sko og tok turen mot Cassia Lodge - ein restaurant/lodger ti min frå huset vår som ligg fint til med ei super utsikt!
Då me spurte for over ei veka sidan om me kunne stikka oppom for å sjå fyrverkeriet frå plassen deira fekk me eit ja, men då me kom opp ca 23.45 fekk me ikkje lov til å koma inn. Æsj. Me måtte skunda oss nedatt for å sjå fyrverkeriet frå terassen. Personleg såg eg fyrverkeriet frå midten av bakken saman med Lucy og Andy. Grunna litt astmaproblem laut me tilkalla eit transportmiddel for å koma oss ned. På trass av den litt uventa inngangen til kl 00.00 01.01.2011, var det verkeleg ein heilt super inngang. Eg tykkjer me er så heldige som får vera her nede og oppleva alt dette - så annleis og så utruleg kjekt! Å gje årets fyrste klem til ei jenta frå Australia og ein kar frå New Zealand var heilt fantastisk og unikt!
Elles går livet i Uganda sin vante gang. Merkar godt at me har funne oss veldig godt til rette med alt og alle. Eg kan ikkje seia noko anna enn at eg stortrivst!
I morgon, måndag, skjer det noko grådig spanande. Me fire og ein mzungu frå Australia skal på leir med mellom 400 - 600 afrikanske ungdommar, og ein god del leiarar. Hellane, kor eg gler meg! Spesielt kjekt blir det å faktisk få tilbringa litt lengre tid saman med andre afrikanarar enn babyar og nannyar!
Så, etter leiren, får me besøk av Sunniva Yo Vikan og mor hennar. Det er ikkje til å stikka under ein stol til at me gler oss masse til dette flotte besøket! Kanskje ei plate Freia Mjølkesjokolade er med på vegen...?

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar