fredag 9. desember 2011

Smør til julekakene, eller mat?



Eg blir så oppgjeven. Mange nordmenn er ein gjeng med bortskjemde folk
- noko som kjem ekstra tydeleg fram i desse dagar!

Jula nærmar seg med stormskritt. Nokon merkar det på at snøen har komen over store delar av landet, dei to adventsljosa som brenn i staken, andre merkar det på at siste innspurt før eksamen snart er over, atter andre igjen har stått pal på kjøkenet dei siste vekene for å få på plass sju perfekte slag til jul. Kanskje nett dene siste "gruppa" nordmenn i desse dagar er letta over at dei tok til med baksten tidleg. For no er det krise i Noreg. Smør-krise.

TINE beklagar på sine heimesider at dei ikkje har smør å levera til vårt langstrakte land før ut i januar 2012. Januar 2012...då skulle eg for ei par veker sidan ha hatt det gode smørauga med "Tine Smør" i julegrauten min, i julekakene til mamma, besto og bestemor skulle den ekstra gode og salte smaken av nett dette smøret vore med på å smørja julekosen ekstra godt inn i kropp og sjel. Men slik blir det ikkje i år. Veit du kva? Det kunne ikkje brydd meg mindre!

Det er noko eg bryr meg mykje meir om i denne juletida...
Her blir mange menneske GAL i Noreg av di TINE ikkje har nok mjølk til å servera smør. Seriøst? Er dette verkeleg eit stort problem? Bruk då heller eit anna smør, reis til Sverige, eller dropp julekakene dine. Gje heller pengane du hadde brukt på dei kakene til noko viktig.

Bruk heller dei pengane på å gje nokon som lurar på om dei i det heile får mat på julaftan, og i jula generelt, eit varmt måltid. Då betyr du verkeleg ein forskjell. Då skjønar du kanskje, stakkars smørlause nordmann, at jula handlar om å sjå dei rundt oss. Ikkje om kvaliteten på smøret du et.

Me lever i eit av verdas rikaste land. Nokon får panikk over at dei ikkje får riktig type smør. Medan andre ikkje har råd til mat i jula. Noko skurrar...